Kvifor TCG?

NS-EN ISO 14001:2004

Tenden Miljø as legg stor vekt på å vere problemløysar og samarbeidspartnar for avfallsprodusentane. Vi legg ’og stor vekt på at kundane våre skal vere fornøgde med dei tenestene som vi kan tilby, og utførelsen av tenestene.

Dei fleste ser for fordelane av å sette ting i system. TM har difor utvikla system for effektiv avfallslogistikk som ivaretek både dei økonomiske og miljømessige sidene av avfallshandtering.

Systemet har som overordna målsetting å finne fram til den mest miljømessige og kostnadseffektive avfallsøysingar tilpassa den enkelte, og kan tilby:

  • Individuelle løysingar .
  • Rasjonelle løysingar for sortering av avfall .
  • Totalløysing på avfallssortering .
  • Faste ruter for innsamling .
  • Bedriftsbesøk med Opplæring / Informasjon


For å kunne gje ei god og rasjonell avfallsløysing tilbyr vi ei uforpliktande Mijøanalyse. Ei Miljøanalyse består av fylgjande punkt:

  • Kartlegging av alle avfallstraumar i bedrifta.
  • Rådgjeving om korleis avfallsmengda kan reduserast.
  • Utvikling av rutiner for kildesortering og innsamling av dei respektive avfallsfraksjonane.
  • Forslag om tenelege oppsamlingseiningar og hentefrekvensar.


Gjennom å foreta ei Miljøanalyse, vil ein ha eit godt grunnlag for å etablere ei avfallsløysing som stettar dei tre sentrale punkt i myndigheitene sin avfallspolitikk.

  • Hindre at avfall oppstår.
  • Fremme gjenbruk, materialgjenvinning og/eller energigjenvinning.
  • Sikre ein miljømessig forsvarleg handsaming av avfallet.


TM sine tilsette har fokus på at bedrifta vår skal kjenneteiknast med dei 4 K-ane:

  • Kompetanse
  • Kvalitet
  • Kostnadseffektivitet
  • Kundeservice


Gjennom planverk og HMS-system legg TM vekt på at bedrifta skal vere ein god arbeidsplass for våre tilsette slik at dei kan oppfylle krava til kompetanse, kvalitet, kostnadseffektivitet og kundeservice. For å sikre opplæring og kontinuitet i arbeidsprosessane, tek TM i mot lærlingar. Det blir ’og lagt vekt på eit nært samarbeid med NAV i regionen. Det er ’og lagt til rette for at dei tilsette skal kunne ta fagbrev innafor faget avfall og gjenvinning.

Ring 47 86 4000 eller send oss ein forespørsel.

Tenden Miljø as har som vedtaksfesta formål: ”Miljøstasjon, utleige, bringing og innhenting av conteinerar, sortering og vidrebehandling av avfall og ellers hva som måtte stå i forbindelse med dette.”