Avfallstenester

Tenden Miljø as er totalleverandør av avfallstenester, og har dei naudsynte løyve for å kunne ta imot alle typar avfall (unnateke eksplosive stoff, sjølvantennande stoff, organisk peroksid, smittefarlege stoff og radioaktive stoff.)

Avfall og gjenvinning.
På Tenden Miljø as sitt mottaks- og sorteringsanlegg for avfall er det lagt stor vekt på miljøvenleg utnytting av avfallet. Avfallet vert sortert i ulike grupper som treverk, papir, papp, plast, metal, glas og EE-avfall. Gjenvinnbare fraksjonar blir levert til godkjende slutthandsamar og gjenvinningsanlegg. Ikkje gjenvinnbart avfall blir i hovudsak levert til energigjenvinning.
Dersom Du av praktiske årsaker ikkje kan sortere avfallet, tek vi dette sorteringsarbeidet for Deg, og avfallet blir handsama på ein best mogeleg miljømessig måte.

Innsamling og transport.
Tenden Miljø as køyrer faste ruter med komprimatorbil påmontert vekt for innsamling av våtorganisk-, rest-/blanda avfall og papp/papir/plast.

Ruteoppsett frigjer dyrebar tid for kundane, då ein ikkje treng å melde inn avfallet for henting. Gjennom samarbeid finn vi den hentefrekvensen som passar best for Deg som kunde.

I samarbeid med Norsk Navigasjon har vi innført eit gps-basert trafikkstyringssystem.

Alle hentepunkta på rutene våre er gps-plotta, og tømmedata frå sjåførane vert rapportert elektronisk tilbake til kontoret. Dette gjer at vi ved f.eks ferie og sjukdom fortsatt finn fram og får tømt alle hentepunkt.

Tenden Miljø as har og ruter med miljøbil for innsamling av elektronikkavfall, farleg avfall, risikoavfall og andre avfallstypar som ikkje kan hentast med komprimatorbil.